torsdag 31. januar 2013

Meir frå stue og spisestue


 
 
 
Dette er ein liten fortsettelse frå i går. Fotografia er frå spisestue og stue. Her er ei blanding av gamle og nye møblar, ting eg har samla over lenger tid. Har budd i heimen min i litt over 3 år, og merkar eg byrjar å trives godt. Her er det godt å vere, derav navnet på bloggen: "Det gode rom".

 

onsdag 30. januar 2013

Fargar og fridag



I dag har eg hatt fri frå jobb. Dagen har blitt brukt til blant anna husvask og til å ta nokon fargerike fotografi. Endelig var det såpass lyst ute at det gjekk an å få bilete som eg syns fungerer. Alle bileta eg viser i dag er frå stova. Som dokke ser er eg glad i fargar og mønster. Lysfat og små  stilleben er med på å skape stemning.  Dagen vart avslutta med baking av grove bollar, kanskje kjem oppskrifta på desse i eit anna innlegg.
 

tirsdag 29. januar 2013

Litt frå kjøken og stue





















Her er nokon glimt frå kjøkenet mitt. Her er det mykje pastellar, mest mot litt kjølige turkistonar. Den vesle turkise kommoden er pussa opp og malt, før var den brun og slitt og stod som møbel på eit venterom, var så heldig å arve den. Serviset som står i kommoden er "Tor-Viking" frå Figgjo. Synes mønsteret og fargane er så fine. Maleriet som det viser eit utsnitt av er sjølvprodusert. Og til slutt eit foto frå eine stuevinduet, dei brune apotekflaskene vart med heim frå eit loppemarked i fjor. Dette blir litt stykkevis og delt, ser fram til å dele fleire bilete frå heimen når lysforholda ute vert bedre. I dag er det regnfullt og mørkt på Sunnmøre.

torsdag 24. januar 2013

Strikka krage




Prosjektet strikka krage er ferdig! Har ikkje strikka på mange år, men fekk lyst å prøve meg på
noko enkelt. Har veksla mellom rett og vrangt strikk for å få eit mønster. Strikka fyrst ei lang remse som eit skjerf som eg sydde saman til slutt. Tråden er Alpakka Sandnes, ein litt tynn tråd som tar tid å strikke, men resultatet er ein mjuk og behagelig krage, som varmar godt ein kald vinterdag

tirsdag 22. januar 2013

Gule detaljar




Gult er ein fin farge no mot våren, eit gult lys i eit Norgesglas, eit gult puterekk, og eit par artige gule høner på kjøkenet, meir skal ikkje til for å friske opp. Gult passar fint i lag med fargar som grønt og rosa.

mandag 21. januar 2013

Glimt frå stova





Eg er glad i fargar. Alt frå rosa og turkis som er sterke fargar til  meir duse grøn og blåtonar.         
I stova har eg lyse veggar og møblar, medan mange av detaljane går i mørk rosa. Bilete i frå dei andre roma kjem etter kvart. 

søndag 20. januar 2013

Søndag ute og inne



Då er mitt fyrste blogginnlegg på plass! Sjølv om dette i hovudsak er tenkt som ein interiørblogg vart det i dag bileta frå ein vakker vinterdag på isen som fekk størst plass. Og til slutt eit bilete av mitt siste kupp i bruktbutikken, 1 stk. kuvert av serviset "Clupea" frå Figgjo. Nydelege fargar og mønster! I neste innlegg vil eg vise glimt frå heimen min.