torsdag 30. mai 2013

Flower power

 
 
 
Vi har hatt nokon nydelige sommardagar i det siste. Og i kveld planta eg ut ei fin georgine som eg har plassert på verandaen. Var så uheldig å knekke av ein blomster når eg planta den om, så no får eg ha glede av georgina inne også. Syns turkis og lillarosa er nydelige fargar i lag! Og fersken er og fint til. Håper du nyt sommaren!
 
 
 

mandag 27. mai 2013

Forandring fryder

 
 
 
 
Eg er veldig glad i produkta til det danske merket "Rice", og har litt koppar og fat i melamin. Tok og sette eit grønt fat  av merket i tallerkenhylla. Syns det liva opp og vart ein fin fargeklatt! Litt omrokkering kan av og til gjere susen, og så matcha det så fint dei andre fargane. I dag har det vore nydelig ver på Sunnmøre, herlig å nyte sola! Håper du også har fint ver der du er :-)

søndag 26. mai 2013

Abstrakt maleri

 
 
 
 
Eg mala ferdig eit abstrakt maleri denne veka. Her har eg prøvehengt det i stua for å sjå kor det tar seg ut og for å fotografere det. Det vart ferdig onsdag, og same dag fekk eg forespørsel frå ei som var på jakt etter eit maleri. Torsdag kveld for det ut døra til sin nye heim. Kjekt og inspirerande!

onsdag 22. mai 2013

Skapet er ferdig!

 
 
 
 
 
 
Det gamle skapet eg kjøpte brukt har endelig komt på plass i stua! Har vore ein lang prosess. For det fyrste har eg leita etter eit sånt skap leenge, så var det å få det i hus, køyrte varebil for fyrste gong i mitt liv! Så har det gjennomgått pussing og vask og ca. 4-5 strøk med maling. Eg brukte vannbasert maling, og det krev fleire lag enn oljebasert. For å få malt det under måtte eg og legge det ned, og skapet er tungt, så måtte få hjelp til å få det både opp og ned. Til slutt krevde det ein del ommøblering i stua for å finne plass til det, men no når det er på plass er det verdt strevet. I`m in love!
 
 

tirsdag 21. mai 2013

Nytt maleri

 
 
 

Siste tida har det ikkje frista så veldig å blogge, har hatt for mange andre ballar i lufta og veret har vore så fint. Men har malt ferdig eit nytt maleri som eg har lyst å presentere.Det er abstakt og går i fargane oransje og turkis, fargar som og går att i interiøret mitt. Viser også korleis det tar seg ut på veggen. Har og mala ferdig det gamle skapet eg har kjøpt, så i neste blogginnlegg vil eg vise bilder av det.Manglar berre å få ta foto av det. Har og tenkt litt på og undra meg over hyppigheita på blogginnlegg, mange har nye innlegg daglig. Sjølv ser eg at dette finn eg ikkje tid til i min kvardag. Blir det for sjeldan innlegg er ikkje det bra heller, men ser sjølv at eg klarer ikkje å følgje med på dei bloggane der det er nye innlegg daglig. Nokon som har synspunkt på dette? Kor ofte bør ein ha innlegg? Klar over det ikkje er nokon fasit, og kvar og ein må gjere som ein har tid og lyst til, men litt nysgjerrig på kva andre tenker.
 
 

onsdag 15. mai 2013

Margarinkasser

 
 
 
 
 
 
I trappa frå stua til loftet har eg lage eit stilleben av to gamle margarinkasser, eit norgesglas, og diverse andre pynteting som vasar, lyslykt og krukker. Fargane er gult, oransje og turkis som gir ei fin kontrast. Den eine margarinkassa har eg malt gul inni rett og slett for å lage eit blikkfang. Syns desse kassene er veldig dekorative, og om eg blir lei kan eg bruke dei til oppbevaring. Ha ein fin onsdagkveld!

onsdag 8. mai 2013

Bruktduellen

 
 
 
 
Her er mitt bidrag til Nib si utfordring for mai: "Bruktduellen". Eg har mykje brukt i heimen, både møblar, servise og pynteting. Eg har valgt å sette saman eit lite stilleben der nesten alt er brukt. Den lyseturkise kommoden har eg arva, den vart malt og skifta knott på, og blir no brukt til oppbevaring av ulike servise. Den oransje glaskula/vasen og den nydelige krukka har eg arva frå foreldra mine. Den lysegrøne vasen som eg brukar som lysestake låg i ei gratiskasse på ein bruktbutikk! Og bildet som eg har mala sjølv er eit maleri eg har mala over fordi eg ikkje likte/ var lei det gamle maleriet. Nedst i hyllene står delar av Figgjo sitt servise "Tor-Viking" som eg har samla på og kjøpt brukt. Stolen som er mala i same farge som kommoden er kjøpt på bruktbutikk, og dei brune apotekerflaskene på loppemarked. Det blomstrete stoffstykket fann eg og på bruktbutikken, det har eg tenkt å sy noko av, enten eit putetrekk eller at det skal bli del av eit lappeteppe. Så det einaste som ikkje er kjøpt nytt på desse bileta er den rosa ranunkelen og dei kunstige blomane som står i flaskene!
 

mandag 6. mai 2013

Stilleben



 
 
Eg rydda i gamle tegningar og bilder her ein dag, og kom over ein akvarell som eg fekk lyst å sette fram. Har mala den for ca. 15 år sidan! Den står foreløpig plassert på eit lite avlastningsbord i lag med lysestakar og fotografiet av bestemora mi. Som dokke kanskje ser er det brudebildet av ho!
Eg syns det er fint å lage ulike stilleben rundt om i huset, og her blir det i dobbelt forstand, sidan det er eit stilleben på akvarellen også. Tusen takk for kjekke kommentarar på forrige innlegg! Eg må berre få tilføye at ein må ikkje vere geni for å lære å sy, trur ikkje eg hadde klart det utan å gå kurs først. Hjertlig velkomen til nye fylgjarar også, blir SÅ glad for nye medlemer!

lørdag 4. mai 2013

Resultat av sykurs

 
 
 
 

Eg er ferdig med sykurset eg byrja på i vår, og resultatet vart 2 bukser til guten min og ein barnekjole. Er litt stolt av meg sjølv, for hadde omtrent ikkje tatt i ei symaskin før kurset. Det var ikkje lett, men når ein har lært prinsippet for korleis ein skal sy så kan ein det til neste gang. Men tidkrevande er det, og det krev både nøyaktigheit og tålmodigheit. Når eg malar bilder kan eg alltids male over om eg angrar på noko, med sying er det ikkje så lett. Neste prosjekt er å sy kjole til meg sjølv, om berre tida strekk til. Apropos gjenbruk, kjolen er laga av ein duk og ein bluse eg var lei av. God helg!
 

onsdag 1. mai 2013

Planter i stua

 
 
 
 
 
Eg har alltid hatt planter i heimen, uvahengig av om det er "in" eller ikkje. Den grøne palma stod tidlegare i eit hjørne på golvet, men ved å sette den opp på ein turkis liten krakk vart den eit blikkfang og har no kome til sin rett. Ranunklar har eg planta ut, men dei går og an å ha inne om det ikkje vert for varmt, dei likar best å ha det kaldt. Ein annan type plante eg likar er sukkulent, dei er lette å passe på, då dei ikkje treng vatn så ofte. Håper dokke har hatt ein fin 1. mai!