lørdag 31. august 2013

Kafebesøk og blomster

 


 
Har vore lite blogging i det siste. Ikkje hatt så mange ting å fortelje i grunnen, og vore opptatt med ein del anna. I dag var eg på koseleg kafebesøk med ei venninne eg ikkje har møtt på ei stund. Og ho overraska meg med ein flott rosebukett, sjølv om eg verken hadde bursdag eller anna! Vart så glad! Har bestemt meg for å bli flinkare til slike ting sjølv, å glede andre i kvardagen. Ikkje alltid så mykje som skal til. God helg!
 

tirsdag 13. august 2013

Vafler til frukost + rosa, grønt og mønstermiks

 
 
 
 
 
 

 
 
I dag vart det vafler til frukost. Sidan den minste i familia hadde vondt i munnen i går pga. frambrot av 6-års jeksel og i dag vakna og hadde så lyst på vafler gav eg etter. Ikkje så ofte det skjer, men greit å kose seg litt ekstra ein tirsdagsmorgen når ein har anledning til det. Eit lite bilderas frå heimen: ser at rosa og grønt går igjen i interiøret, det same gjer mønster i ulike fargar, men også her ein del grønt og rosa. Ein gamal stol eg fann på loppemarked og som har stått på loftet har fått plass i stua, syns den var fin eg! Einaste dumme er at den er utslitt i setet slik eg har lagt over eit skinn midlertidig i alle fall. Vurderer om eg skal prøve meg på å trekke om att setet, syns mønsteret på stolen er så spesielt, så har lyst å beholde det. Om nokon som les dette har tips å gi i forbindelse med omtrekking tar eg gjerne i mot.
 

onsdag 7. august 2013

Stua



 
 
Stua er hjertet i heimen vår, her brukar vi mest tid i løpet av ein dag. Her tar vi imot besøk, ser tv, les i blad og bøker, leiker og slappar av. Eg skiftar ikkje så ofte interiør, det er dei sama fargane som går att, men for å fornye litt skiftar eg nye dukar eller nye lys/gjenstandar på lysfatet. Eg trivs i alle fall godt i stua mi! Med desse fotografia deltek eg på Nib si utfordring for august: "Er du en stuepike?"

tirsdag 6. august 2013

Engesland

 
 
 



 
 
Då vi var på Sørlandet nylig fekk vi lov å bu 3 netter på denne fine garden i Engesland, ein times køyring frå Kristiansand. Gardshuset var pussa opp i lyse og delikate fargar. Og mange av møblane var bruktfunn. Heilt etter min smak!

mandag 5. august 2013

Glimt frå Ål

 
 
 


4
 
 
 
 
Då eg  var på ein liten Norgestur nylig besøkte eg ei venninne som bur i Ål i Hallingdal. Ho og familia har bygd eit nytt hus i gamal stil. Huset er bygd på ein gard som ligg på fjellet eit stykke frå Ål sentrum. Det gamle gardshuset og fleire stabbur står fortsatt på eigedomen. Ein nydelig heim med særpreg som kombinerer det moderne med det tradisjonsrike. Vi var så heldig å få overnatte her ei natt!
 

lørdag 3. august 2013

Norgestur

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
Eg er tilbake etter ein liten "Norgesturne" og deler nokon inntrykk frå turen. Køyrte frå Sunmøre via Ål i Hallingdal og til Kristiansand i sør. Var innom Feda og Lillesand på vegen. Vidare gjekk turen til Haugesund og til Sunnmøre igjen. Vi opplevde Dyreparken og det den har å by på, landliv på ein gard og sørlandsidyll. Gode vener og familie tok godt i mot oss og gjorde turen så fin! Har aldri køyrt så langt før åleine, så ein liten seier å ha klart denne rundreisa. Var innom mange vakre heimar på turen, og i dei to neste innlegga vil eg vise bilete frå to av dei: gardsidyll i Hallingdal og landliv på Sørlandet.