mandag 28. oktober 2013

Helga

 



 
 
 
 
Vi har hatt ei innhaldsrik og kjekk helg. Har rekt både ein tur på loppemarked, fjelltur og litt strikking. På loppemarkedet fann eg 3 fine lysestakar i messing. Fann eit gamalt fat heime som eg har arva frå bestemora mi, det fekk kome fram på bordet sidan det passa så godt i lag med lysestakane. Det lilla strikket skal bli ein vest, eller genser utan armar. Garnet heiter Sandnes Easy, det er ganske tjukt og som navnet seier, lett å strikke. Eg har ikkje så gode strikke-ferdigheiter, så enkle ting passar meg. Pleddet som du kan skimte på eine bildet i rosa og beige har eg strikka for mange år sidan. Det tok tid å strikke, men har hatt stor glede av det! Ønsker alle som er innom ei god veke!
Ps. Om nokon har gode tips og råd til puss av messing tar eg gladelig i mot :-)

onsdag 23. oktober 2013

Gyldne tonar

 
 
 
 
 
 
Gylne tonar mot blått er ei vakker kontrast. Eg er så glad i flasker i ulike fargar og størrelsar, spesielt fine er dei når sollyset får skine på dei. Det persiske teppet under bordet har eg fått i gåve med foreldra mine for mange år sidan. Hadde det under spisebordet, men syns det kom meir til sin rett og får vise betre under stuebordet. Takk for titten og velkomen igjen!

fredag 18. oktober 2013

Soverom

 
 
 
 
 
 
Nokon bilder frå soverommet, ikkje kvar dag eg legg på sengeteppe og puter. Den kvite skjenken er kjøpt på bruktbutikk og pussa opp, syns den er så fin! Bildet på  veggen har eg mala sjølv. Sengeteppet er kjøpt for fleire år sidan på Hennes og Maurits. Ønsker alle som er innom ei god helg! Takk for alle kommentarar, legg gjerne igjen fleire, det set eg pris på!

tirsdag 15. oktober 2013

Litt frå spisestua



 
 
Rosa og oransje er fargar som går att hos meg. Maleriet på veggen har eg laga sjølv, og tallerkenhylla er kjøpt på bruktbutikk og pussa opp. Har ikkje så mykje på hjertet i dag, men ønsker alle som er innom ei fin veke!
 

søndag 13. oktober 2013

I fjøra







 
Vi har hatt ein nydelig haustdag på Sunnnmøre i dag! Vi deltok på Barnas Turlag i regi av Ålesund og Sunnmøre Turistforening. Dei arrangerte tur i fjøra med matlaging for dei minste ute i det fri. Grønnsaker vart kutta av ivrige små hender og suppa vart kokt på bålpanne. I fjøra var det kjekt og leike og å fange krabbar. Så herlig med friluftsliv!

tirsdag 8. oktober 2013

Varm, gnistrande haust

 
 

 
 
I siste liten rekk eg herved å delta på Nib si utfordring for oktober: Eldstaden. I heimen vår var det allereie montert ein vedovn når vi flytta inn. Den var ikkje plassert slik at det vart naturleg å sette sofa og stolar framfor, så når vi skal varme oss ekstra på den brukar vi puter og skinn som vi legg på golvet. I månadens utfordring skulle vi og få fram kva som er haust for den enkelte. For meg er det i tillegg til levande lys tid for te og varme drikkar. Håper du nyt hausten der du befinn deg!

søndag 6. oktober 2013

Gjenbruk

 
 
 
 
 
Eg er glad i gjenbruk. På bilda er det både litt brukt og litt nytt. Det gule bordet som eg har stående på kjøkenet mitt arva eg. Det var trekvitt i utgangspunktet, og lakka, men veldig slitt. Så eg malte det gult og hadde på ein fin knott. Ei periode hadde eg dilla på å samle på retroserviser frå Figgjo. Serviset "Daisy" har eg arva ein del av, og litt har eg funne på bruktbutikk. Fatet med gule og oransje blomster på er frå serien "Safran", også Figgjo. Syns desse mønstra er utrulig vakre og kreative! I sommar var eg på Figgjo-utsalget i Stavanger, mykje fint, men det dei produserer i dag kan etter mi meining ikkje måle seg med dei seriane dei designa før. Likar du gjenbruk?
 

fredag 4. oktober 2013

Innredningstips

 

 
 
I eit blad eg las nylig fekk eg eit godt innredningstips som eg vil dele med dokke. Kanskje som ein  liten fortsettelse på mitt forrige innlegg? Ønsker du forandring utan å gå og kjøpe noko nytt eller male møblar og ting og tang i nye fargar? Av og til er det også greitt, men tipset eg no skal dele er heilt gratis, og eg har nettopp prøvd det sjølv, litt tid må du derimot ha til rådigheit. Neste gang du skal tørke støv tar du alt du har av pynteting og gjenstandar ned frå bord, kommodar og skap og sett det på golvet eller ut på ein veranda om veret er fint. Etterpå set du alt på plass igjen og prøver å tenke nytt,  kanskje du kan snu heilt om på ting du har hatt ein fast plass. No tenker du kanskje at dette har du allereie gjort mange ganger, så noko "hokus pokus" er det ikkje, men for min del vart det nokon små forandringar som eg syns gjorde det trivelegare heime hos meg. Har du ekstra god tid kan du endatil flytte ut møblar og plassere dei på nytt. Heime med meg heldt det å flytte om på litt planter, dukar, småbord og lyslykter. Ikkje alt alt vart flytta på heller, enkelte ting måtte tilbake til sin faste plass, men det gav ein  god følelse av litt forandring når det var gjort. God helg til deg!