tirsdag 23. desember 2014

Jul igjen

 
 

 
 
 
Eit år er gått og jula er her igjen. Heimen er pynta og klar, og vi ser fram til koselig feiring i lag
med familie og venner.  Ønsker alle ei fin julehøgtid med gode og rolege dagar!
 
Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderom.
Der samles mine tanker,
som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt.
Jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt.
 
 

tirsdag 14. oktober 2014

London








 
Endelig eit livstegn herfrå. Var nylig i London for fyrste gong. For ein herlig by! Vi besøkte dei mest kjente landemerka og fekk og tid til afternoon-tea og spasertur i Hyde Park. Var og i Notting Hill og innom det kjente Markedet i Portobello Road.London overraska på ein postiv måte, byen var mykje grønare og meir vennleg enn eg hadde forventa.
Ønsker meg tilbake hit ein gong!

fredag 8. august 2014

Staffordshire-krus til salgs


Selger 3 stk. Staffordshire-krus m/tefat. Fint brukt. Kontakt meg på mail om du er interessert:





lørdag 21. juni 2014

Båttur


 
 


 

 
Det er regn og kaldt på Sunnmøre i dag. Då er det godt å mimre tilbake til ein fin båttur vi hadde tidligare i sommar. Koret eg er med i hadde avslutning på ein i idyllisk holme utanfor Ulsteinvik, her var det godt å vere for både store og små.
 

 

onsdag 21. mai 2014

Gode dagar


 

 
 
 
I helga hadde vi ein liten smak av sommar. Vart invitert på utandørs bursdagsfeiring. Sosialt og kjekt for både store og små. Gode timar i godt lag, slike kveldar er kjekke å sjå tilbake på. Håper du og får gode dagar denne sommaren!
 

torsdag 1. mai 2014

Back in business

 
 
 

 
 
Endelig eit livstegn herfrå! Har rett og slett vore kjempelei blogging i ei stund, både av  min egen og av andre sine. Men med lyset som har komt dei siste dagane fekk eg lyst å ta bilder igjen. Så gjenstår det å sjå kva det vert tid til framover. Ny jobb og pendling gjer at tida til fritidssyslar er mindre. Men  kjem nok til å bidra med litt bilder av og til. Ønsker alle lesarar ein fin vår!
 
 

mandag 10. mars 2014

Gyldne tonar

 


 
 
 
 
Har vore litt lei blogging i det siste, har ikkje hatt lyst å lese andre sine bloggar eller å ta bilder sjølv. Korleis har du det, om du har din egen blogg kjenner du at det kan vere krevande å skulle lage innlegg? I dag etter eg hadde vaska hus kjente eg at det var kjekt å ta nokon foto i stua, når sollyset flaumer inn vert bileta også betre. Og ein fin tulipanbukett som eg fekk i gåve i helga inspirerte meg ekstra. Eg er veldig glad i oransje og varme fargar, derav tittelen på innlegget. Ha ei god veke vidare alle som er innom!
 
 

onsdag 26. februar 2014

Let meg friste!




Eg som hevda marmor ikkje var noko for meg.. Pipa har fått ein annan lyd! Etter eit besøk på gjenbruksbutikken  kunne eg ikkje la desse 3 "skjønnheitene" gå frå meg. Må nok innrømme at eg er litt typen som ofte kjem etter på trendar, treng litt tid på å venne meg til å like ting. Korleis er du, "avantgarde" eller etternølar som meg?

søndag 16. februar 2014

Rosa + oransje



 
 
Eg syns rosa og oransje er ein fin kombinasjon! Veldig friskt. I anledning bursdagen min nylig fekk eg nokon nydelige rosa roser frå mor mi, dei passar perfekt inn i interiøret mitt. Om du som besøker bloggen min likar den legg deg gjerne til som følgar, da blir eg glad! God søndagkveld!

fredag 14. februar 2014

Barneromet



 
Eit rom i huset eg viser fram for fyrste gong i dag er barneromet. Har nettopp fått tak i eit fint sengeteppe, som matcha perfekt til dei fargane som elles er på rommet. Har ikkje vore så lett å finne sengetepper til barn, dette fann eg hos Dekoria, som har butikk på nettet. Eg er veldig fornøgd med kvaliteten på sengeteppet, det er vattert og ganske tjukt i kvaliteten, nesten slik det går an å bruke som ei sommardyne på sommaren. Eg syns også mønsteret og fargane passa veldig godt inn til resten av fargane på barneromet. Ha ei strålande helg!
 
NB! Innlegget er sponsa.

onsdag 12. februar 2014

Perleblomst + pastell

 

 
 
Til morsdag fekk eg ein fin perleblomst! Den har begynt å blomstre og pyntar så fint opp på kjøkenbordet mitt. I lag med duse pastelltonar syns eg dette byrjar å ligne på vår. Og slik veret har vore på Sunnmøre i det siste er her meir vår enn vinter, heilt greitt for min del. Om nokon syns det har blitt mykje blomster her i det siste så lovar eg noko heilt anna i neste innlegg!