tirsdag 17. mars 2015

Male eller ikkje male? Treng råd!

 
Eg har eit kjøken som byrjar å bli slitt. Vurderer nye dører/frontar, men dette blir kostbart. Så lurer på å male sjølv. Nokon som har erfaring med dette og kan råde eller fraråde meg til å gjere det? Redd det blir veeldiig mykje jobb!! Og vil det halde? Kva type maling er bra å bruke? Tek gjerne i mot tips om fargeval også, no er det ein slags gråkvit farge, men kva med å male lys turkis for eksempel? Blir ein lei det på sikt kanskje? Mest trygt å male lyst, men når ein fyrst skal fornye kunne det vere gøy med litt forandring også. Takknemlig for råd! (Ps. Kjøkenbildet er ikkje nytt og ikkje av beste kvalitet, måtte berre ha det med for å vise litt av kjøkenet)

1 kommentar:

  1. Hei! Er som med mykje anna, viktig med godt forarbeid for resultatet. Eg hadde prøvd pusse over det som måtte vere mest slitt, og so vaska med kraftvask. Er litt avhengig om det er heiltre eller spon,mdf dører. Kanskje kunne ein eller anna golvmaling vore tingen? Den er slitesterk i allefall, man kanskje ikkje enkel å få på, renn litt lett. Har super erfaring med oxan golvmaling, men den får du kanskje ikkje tak i lenger..

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.